Family values
June 27, 2008 · 2 Comments
Litt ut i sommarferien befinn eg meg altså heime hos mor og far. Her har eg ikkje vore sidan påsken. Eg har til og med forsakt Roskilde08 for å tilbringe tid med dei. Familytime. Så langt har eg gjort ein god jobb. I går var me på jærens høgaste fjell, heile 360 moh. Eg er blant dei som treng familien. Nokre kan ikkje vente til dei flyttar ut og endeleg er fri. Eg har gjort alt det, i løpet av 3. året på vgs flytta eg inn til den store skumle byen, som eigentleg ikkje er så stor, men skummel nok dersom ein ikkje passar på seg sjølv.
Ein av grunnane til at det er viktig for meg å vere med familien er at eg er redd for å gli i frå. At plutseleg så kjenner ikkje mine eigne foreldre meg. For slik kan det gå, om ein ikkje passar på. Då eg nett var flytta ut snakka eg sikkert med dei på telefonen kvar dag. I løpet av kvelden ringte alltid mammo (takk og lov for FriFamilie). No har det naturlegvis blitt sjeldnare, spesielt dei siste månadane. Eg kan ikkje minnast å ha vore meir travel før. Eg har sprunge frå styremøte til lesesal til nytt styremøte. Begynt i ny jobb. Fått nye venar, blitt betre kjent med gamle og nytt godveret med dei faste. Funne kjærleiken. Tatt eksamen i anatomi og alt det medfølger. Livet er fullt med så mangt. Alt ein skal få tid til i løpet av 24 * 60 min 7 gongar i veka.
Før drømte eg alltid om eit anna liv. Såg for meg korleis det måtte vere. Å vere ein annan. Eller betre, å vere meg ein annan plass. Men i det siste har eg vore fornøgd med å berre vere meg. Lille meg i mitt eige liv. Stjerne i mitt eige show. Slik me alle er.
Derfor treng eg familien. For å få påfyll av den eg er, av den eg alltid har vore.
→ 2 CommentsCategories: tanker
Balanse og skalpell
May 18, 2008 · 4 Comments
I morgon startar me med disseksjon. Dis-sek-sjon. Av lik. Lik som i døde mennesker. Døde mennesker som ein gong kanskje var nokons bestefar, nokons norsklærer, nokons nabo, nokons livs kjærleik. I morgon skal eg kutte i nokon som ein gong betød noko for ein aller annan, men som no har gitt sitt døde legeme for at eg skal kunne bli ein dyktig lege. Sjølvsagt blir det rart. Sjølvsagt kvir eg meg. Døde mennesker kjem den neste månaden til å bli min kvardag. Eg undrar på om eg kjem til å føle det samme då som no? Kva føler eg eigentleg no? Det gjeld å ha balanse. Å ha respekt på disseksjonssalen, forstå at dette ein gong var mennesker som deg og meg. Men samtidig må eg gjere jobben min. Finne musklar og sener. Lære. Utnytte kroppen deira til å lære mest mogleg slik at eg kan bli best mogleg. Så kanskje det er den kjensla eg burde ha i morgon når eg står over dei med skalpellen; takksemd. Takksemd for at du har gitt meg dette høvet. Om eg tenker for mykje på deg som ein person blokker det mi evne til å ta lærdom av deg, og gåva di er fånyttes. Men om eg ser på deg berre som ein reiskap gløymer eg å vere audmjuk for at utan deg og ditt offerval hadde eg ikkje lært dette. Balanse og skalpell, hand i hand. Dette er kvardagen til ein medisinstudent.
→ 4 CommentsCategories: medisinstudiet
Eksamen gjer oss alle til nerder
May 14, 2008 · 1 Comment
(bilete frå Em den søte)
Helveteseksamenen er over. Eg overlevde. Stryk eg så overlev eg det og, men eg talte sikkert 3-4 gongar over for å vere sikker på at eg hadde minst 40 sikre poeng (grense for å stå). Å ha så stort pensum som me hadde gjer at ein byrjar å fire på krava. Eg satt 9.00-21.30 på lesesalen i eit par veker før for å skaffe meg nok is i magen til eksamen. Men no er det over, eg kan puste ut og ligge i parken utan å få dårleg samvittighet for at eg ikkje les. Sommaren har nemleg komme til Bergen by. Det verste er at når me ligg og soler oss, og dei andre bemerker kor urettferdig det er at eg får skille etter 1 time, begynner me ein diskusjon om kva som gjer at enkelte blir brunare enn andre, og kastar om oss med uttrykk som melanin, melanocytter i arbeid og høg genekspressjon. Me er blitt nerder. Så enkelt er det. Og ja, det er faktisk mykje gøyare å sjå på House no som eg begynner å skjønne litt av kroppens indre.
→ 1 CommentCategories: tanker
An amazing illusion was made with trick photography
March 26, 2008 · 4 Comments
Eg saknar kamerat mitt. Med det kunne eg finne på sprell som å ta bilete av seg sjølv i speilet når ein er på byn ein kald novemberkveld.

Eller ta blurry bilete av flagg i vinden når Brann tar seriegull.

Eller forevige maskane og hårbøylene på barneavdelinga på IKEA før halloween.

Eller bruke sjølvutløysar når ein hoppar trampoline på fjellet.

Måtte tyvane brenne!
→ 4 CommentsCategories: tanker
Heim
March 19, 2008 · No Comments
Påskeferie er fint. Sjølv om eg ikkje er blant dei som har mange planar og lange tradisjonar for påsken, så er det alltids deilig med ferie. Det siste året har ferie vore synonymt med å reise “heim” til familien. Heim med hermeteikn pga av at det strengt tatt ikkje er min heim, familien flytta hertil for snart 2 år sidan, samtidig med at eg flytta inn til Bergen. Så eg har aldri budd her i den forstand, sjølv om det står det i folkeregisteret. Men så kjem det jo an på kva ein definerer som “heime” og. Er det der ein vaks opp, er det der ein oppheld seg til dagleg og har alle tinga sine ståande, er det der familien er? Eg meinar det er alle tre, og meir til. Det har med den kjensla å gjere, den kjensla av at her høyrer ein til, her har ein liten fristad, ein flekk som tilhøyrer deg, her kjenner du deg igjen, her finst folk du er glad i.
Kjenner eg det, då er eg heime.
→ No CommentsCategories: livet
All the roads we have to walk along are winding
March 2, 2008 · 10 Comments

(Bilete tatt på Ognastrand i sommar)
Eg lurer av og til litt på kva folk har lyst å lese. Kva du som lesar har lyst at eg skal blogge om. Om det er livet mitt eller tankane mine. Forsåvidt er jo det to ting som hengar saman. Tankane mine blir påverka av det som skjer rundt meg, og livet mitt blir farga av det eg tenkjer. Går det an å separer dei to? Tankar og liv? Kan me ha liv utan tankar, tankar utan liv?
Eg er eigentleg ikkje ein tankejordmor slik som Sokrates, men eg vikariere litt som det av og til, utan å meine det. Eg liker å diskutere. Å høyre kva andre meiner. Å høyre kva andre meiner om det eg meiner. Å gi og få tilbake. For det er jo meir å snakke om enn berre sladderen frå sist helg. Sjølvsagt kan ein ikkje alltid gå rundt og tenkje vanskelege kompliserte tankar, det hadde drive oss til vanvidd. Hume sjølv hadde ein erfaringsteori som verkeleg snur verden på hovudet, men ute i dagleglivet meinte han at det var best å bruke “common sense”. Etter ein dag med hard tankeverksemd på kontoret så var det ut og ta seg ein øl med gode venner eller ta eit slag sjakk.
Det er det eg og meiner. Eg går jo ikkje rundt og tenkjer på død og meininga med livet heile tida. I det daglege tenkjer eg veldig dagleg. Men av og til, som oftast når eg sit her og lurer på kva eg skal blogge om, dukkar tanke-Irene fram og pøser ut med svada og lange retoriske tankerekkjer. Ein person har fleire sider, ein personlegheit har mange fasetter, tanke-Irene er berre ein del av meg. Så det eg eigentleg funderer på er om dei andre delane av meg er like interessante for ein som ikkje kjenner meg. For ein som tilfeldigvis les det eg skriv i ein liten blogg om alt men mest ingenting. Eg er ikkje berre ein liten del, eg er jo heile meg. Frå topp til tå. Viser du heile deg, eller er du og fasettert?
→ 10 CommentsCategories: tanker
Å sitje oppe ein natt og ete lefser
February 19, 2008 · 5 Comments
Who will lay down their hammer?
Who will put up their sword?
And pause to see
The mystery
Of the WordNick Cave The Bad Seeds - Carry me
No sit eg midt på natta midt i veka og et klinglefser og høyrer på Nick Cave & The Bad Seeds. Og tenkjer at eg ikkje har tenkt på lenge. Verkeleg tenkt liksom. Før tenkte eg på ting heile tida, på universet, livet, meininga. Det var nesten ein eigen hobby. Eg skulle tenkje meg fram til kven eg var og finn min plass i dette mylderet. Det er noko befriande å kunne tenkje, å kunne grunne på ting og byggje opp tankerekkjer som startar med mauren og ender i ei stjerne fleire millionar lysår frå oss. Eg var lamslått over evna me har til å fundere og forstå og setje spørsmålstegn ved alt i livet. At mitt vesle hovud makta (og mange gongar ikkje makta) å halde system på så mykje informasjon, at minimale elektriske pulsar kan danne bilete og tankar. At me kan vete, og at me kan tru.
Det var ein tid eg var mykje åleine. Eg budde langt frå dei fleste venane mine, så det vart til at eg var mykje i huset. Las bøker, artiklar, såg dokumentarar på tv, lærte om ting på skulen som set ein støkk i ein. Mange impulsar og inntrykk og alt for god tid til å ta det inn over seg. Det var vondt. Å skulle prøve å forstå korleis eit menneske kan gjere vonde ting. Å skulle godta døden. Å skulle godta at eg er meg. Det tar tid å venne seg til tanken, at ein aldri vil bli ein annan, at ein aldri kan sjå seg sjølv utanifrå. Men det er og godt å ha komt seg gjennom det. Å føle at ein har ein ryggrad som ein kan stole på. At ein byrjar å sjå konturane av sine dugleikar og avgrensingar.
Viktigast av alt er det at eg veit at eg har folk som er glad i meg. Og det er det mest forunderlege. Ikkje fordi eg trur eg er ein ganske vanskeleg person å like, eg er nok ganske normal på det området. Det som er forunderleg er mennesket si evne til å vere glad i andre. Det slår nesten evna til å tenkje.
Så når eg no sit her og gomler på lefsa og Nick Cave kviskrar god ord i øyra på meg så tenkjer eg på dei eg er glad i og kor heldig eg er. Det er mykje godt i livet, sjølv om det er det vonde som har ein tendens til å feste seg. Ein må berre lære seg å fokusere på det positive.
→ 5 CommentsCategories: tanker
With every heartbeat she grew older
February 10, 2008 · 5 Comments
Det er faktisk meir enn ein månad sidan mitt siste blogg innlegg. Ikkje at det er så revolusjonerande i seg sjølv, eg er ikkje den flittigaste bloggaren. Det er berre det at det ikkje kjenst som ein månad. Kjenst meir som om det var i forrige veke. Når eg tenkjer meg om veit eg jo at det er mange helger sidan, men ein tenkjer liksom ikkje over det, at tida går, at den dagen får eg aldri tilbake. Dagane er fylt med så mangt og. Forelesningar, lesesalen, matpausar, trening, dansing, lage middag, lese meir, rydde, sjå på One Tree Hill, planleggje helgen, lese at Heath Ledger er død, gå på kino, treffe ei venninne på kafe, oppdage at kameraet er stole, rydde skapet, dra på hyttetur, nyttårsball, barvakt, styremøte, anmelde tyveri, kollokvier, pugge aminosyrer, sove kan eg gjere til helgen. Det går i eitt.
Men uansett kor travelt eller roleg ein har det så fungerer tida på same måte. Den kan berre gå framover med eit sekund om gongen. Eit sekund vil alltid vere eit sekund, uansett kor fylt med hendingar det er eller ikkje er. Fysisk definerer me eit sekund som 9 192 631 770 perioder av strålingen som svarer til overgangen mellom de to hyperfine nivåene av grunntilstanden til cesium-133 atomet ved null kelvin. I riktig gamle gamle dagar rekna dei eit sekund som tida det er mellom to hjarteslag hos ein frisk person i kvile. Samtidig som hjarteslaga våre driv oss vidare, driv sekunda verda vidare. Så lite, men og så viktig. Tar du vare på dine sekund?
→ 5 CommentsCategories: livet
You carved my heart out and left me bleeding
January 7, 2008 · 6 Comments

(privat foto)
Sakn. Noko av det tommaste i verda. Eg trudde det berre var tomt når andre dro, men og når ein sjølv drar er det fælt. Ikkje “eg-grin-hol-på-auga-fælt”, men sånn fælsle som ligg i undermedvitet og lurar. Som gjer at dei fleste ting ein ser, songar ein høyrar, lydar og ord til og med, minnar deg på at no er du utan dei. No må du klare deg sjølv igjen. Fortsetje på det andre livet. Det livet der dei berre er minnar, eller røyster frå digitale boksar. Det livet der dei andre ein sakna høyrer til. For ein vil alltid sakne noko, og aller mest, nokon. Sakn, veit du om noko tommare?
→ 6 CommentsCategories: livet · tanker
I dag er eg ein sau
January 3, 2008 · 4 Comments

(Foto frå dyrevern.no)
Som sauar flest fylg eg flokken. Dei fleste i flokken spør: “Nyttårsforsetta dine då?” Tja, sidan eg til vanleg ikkje er ein sau har eg naturlegvis ikkje eit svar på det, så eg smilar berre fårete medan det knakar i tenkeboksen. Nyttårsforsett høyrast litt skummelt ut nemleg. Det gjeldt for eit heilt år liksom, heile det nye året skal eg bli ein betre sau. Januarsforsett verkar litt meir oppmuntrande. Flittig sau som eg er har eg lese litt råd for å lage gode nyttårsforsett. Dei bør vere så konkrete og overkommelege som mogeleg. Annonser dei ut til alt og alle slik at fallhøgda vert litt høgare. Del dei opp og gje deg sjølv ein premie når du har oppnådd noko. Hm.
Sauen Irene tygg litt høy og tenkjer endå meir. Det er visst ikkje så lett å lage nyttårsforsett. Det er ikkje berre å slengje opp nokre også håpe på det beste. I tillegg så er ulla mi ikkje som alle andres. Det er kjedeleg å ha som alle andre i flokken, dei som skal bli sprekare, få finare ull, ete betre gras, passa betre inn i flokken. Det er jo vel og bra å ville bli sunnare, men ein treng ikkje eit nytt år for å finne ut av det.
“Ja nei, du veit, eg har no eigentleg nokre i bakhand, berre i tilfelle liksom:
- Ikkje stå opp seinare enn 06.30 eller leggje meg seinare enn 23.00 når eg har 08.15 forelesning. I år skal eg få sitjeplass og med meg introen!
- Sjå meir film og lese fleire bøker. BoB er som kjent min ven (Bergen off. bibl) og har eit stort utval av filmperler og klassikarar. Eg burde lage ei liste slik at eg kan halde følgje med utviklinga.
- Bli flinkare på kjøkkenet. Kjøpe (evt. låne hjå BoB) ein lekker kokebok og faktisk prøve å lage nokre av rettane der.
“Åh, ikkje noko jogging, bli flinkare på skulen, ete mindre snop, eller noko i den duren?”
“Nope, det er jo ikkje eit nyttårsforsett, det er berre sunn fornuft!”
→ 4 CommentsCategories: tanker
In our world of plenty we can spread a smile of joy
January 2, 2008 · 2 Comments
Nytt år, nytt år, og måtte det bli eit bra eit. Nyttårsaften i 12 tida høyrast iallefall ut som krig. Hadde eg vore krigsveteran med traumatiske opplevingar i bagasjen hadde eg aldri turt meg utandørs. Men så er no eg berre 19 år, frå Noreg, og har aldri opplevd noko som liknar krig ein gong. Bortsett frå lyden av eit heilt symfoniorkester av rakettar som eksploderer i takt og tone. Lucky me. Eg såg foresten musikkvideoen til Band Aid Do They Know It’s Christmas i går. Den der ein ser alle dei dødeleg tynne barna. Det var i ‘84. Slik er det i 2008 og. The dying hasn’t stopped, so don’t stop the giving.
Så 2007 har blitt til 2008. Gratulerer Norge, gratulerer verda (store delar av verda iallefall, er vel nokre som har ei anna tidsrekning enn oss). Me startar med blanke ark, nyttårsforsett og planar om eit betre liv. Var 2007 betre enn 2006? For min del vart det annleis iallefall. Eg vart ferdig med 13 år på skule. Byrja på universitetet. Selde barndomshuset. Alt i hop har det kanskje blitt betre, men det er jo i grunnen ikkje samanliknbart. Eg gler meg til det nye året, til nye opplevingar, nye venar, gamle venar, reiser, filmar, musikk. Det er mykje å glede seg over. Både store og små ting veit eg. Slik som å bla gjennom album frå då ein var lita. For ein fantunge eg var!
Lurer på kvar eg er om eit par nye nyttår, om eg har fått svar på nokre spørsmål? Arne Næss seier at filosofi byrjar med undring, og endar med undring. Eg undrar meg litt over at eg hugsar så lite frå dei eksakte mekanismane bak fargane i nyttårsrakettar. Det var noko med elektronar som hoppar ut og inn av skal, og energi tilført og avgitt. 2KJ/3KJ pensum sit ikkje så godt i lenger. Jaja, det blir pent å sjå på for det om.

(Pa og meg for mange nyttår sidan)
GODT NYTTÅR FOLKENS!
→ 2 CommentsCategories: tanker
Chase the starlight
December 18, 2007 · 8 Comments

(foto frå dagbladet.no)
Lite å gjere i kveld? Vel det har seg faktisk slik at mars er nærare jorda
enn den har vore på lenge no. Det fører til at det er det klaraste objektet
på himmelen etter månen. Så dersom du kjedar deg kan du jo alltids ta deg ein tur ut og gå på “stjerne-safari”. Ta med deg kakao på termos og eit sitjeunderlag og gå til ein stad med (viss mogleg) lite lysureining og nyt det mektige universet. Kanskje kjem du i filosofiske tenkjebanar, og minst ting du las på barneskulen. Motivasjonssetningar som “tenke så stort universet er,og likevel har det brukt energi på å lage vesle meg”. Skulle du ikkje ha tid i kveld, så seiast det at på juleaften morgon passerer Mars bak månen, noko som ikkje hender ofte. Men då er du kanskje opptatt med andre ting?
Fakta henta frå Knut Jørgens Univers.
→ 8 CommentsCategories: livet
Så var eit semester over
December 11, 2007 · 4 Comments
Så var eg ferdig med mitt første semester på medisin, mitt første semester som universitetsstudent. Det føles litt rart. Eg har ikkje heilt juleferiestemninga i meg, men det har kanskje noko å gjere med at det ikkje har vore mange tentamenar og eksamenar no rett før jul. Det einaste var kanskje breiddetesten i ex-phil og seminaroppgåve innleveringa. Men det er ikkje så hardt. Det er arbeid, men ganske safe i grunn. Ex-phil rettleiarane gjer alt for at studentane ikkje skal stryke.
Bortsett frå å læse om filosofar og diskutere vitskapsfilosofi sett i frå ein medisinsk ståstad, som ex-phil stort sett gjekk ut på, kva har eg eigentleg gjort på dette halvåret? Vel, det skal ikkje leggjast under ein stol at ein del tid og energi vert brukt på å bli vand med heile settinga. Alt det nye, alle dei ukjente fjesa og havet av namn å forholde seg til. Nye bygg ein skal finne fram i, nye måtar å lære på. Det er annleis, verkeleg, å berre stå til ansvar for seg sjølv og si eiga lesing. Om ikkje eg set meg ned og arbeidar, så er det ingen andre som kjem til å sørgje for at eg gjer det! Frivillig oppmøte på forelesning er og spesielt. Ikkje at eg “skulkar” forelesningar noko særleg, men av gammel vane kjem eg stadig 5-10 min for seint. Det har kanskje noko å gjere med morgonrushet inn til byen og treige bussar og gjere, men eg kan bitche om kollektivtransporten her i Bergen ein annan gong. Det er dog litt deilig at det er ingen som fører fråvær over deg, bortsett frå på dei obligatoriske kursa då.
Eg har lært mange latinske ord, mest namn på kroppsdelar og sjukdommar, og latinsk gramatikk, og fekk meir enn 75% rett på eksamen, som var kravet for å stå. Eg har teikna celler i hytt og gevær, og alle har på underleg vis blitt godkjent. Eg har lest kjemi på engelsk, forstått litt komplisert biokjemi og ledd av cellebiologi forelesaren sine utmerka metaforer for transport innad i cella. Eg har sett døde mennesker bli kutta i, og gått på incest seminarer så vel som tropemedisinkurs. Har det vore som forventa? I grunnen ja, det er alt det du trur det er, men samtidig så annleis. Eg liker det. Eg liker å studere, eg liker å vere medisinstudent. Eg har det eigentleg veldig fint. Og no er det juleferie, og eg pakkar før turen ned til familien. Enn kor gøy det er å vere student (når eksamen er langt fram i tid) så er det deilig å ha ferie og!
Liten biletkavalkade frå hausten 2007:

(histologiarbeid - eg teikner epitelceller)

(min første eksamen på universitetet)

(eg koser meg med fakultetsavisa i lesepausene - geeks rule)

(peparkakehuset vårt - det som det står Overlegen på - i Pepperkakebyen)
→ 4 CommentsCategories: medisinstudiet
Across 110th Street
December 4, 2007 · 6 Comments

(Foto frå http://filmweb.no)
Across 100th Street framført av Bobby Womack. Eg hadde gløymt kor godt eg liker denne songen, inntil eg såg American Gangster forleden. Den er på Jackie Brown soundtracket og. Det var vel der eg oppdaga den først når eg tenkjer meg om. Tarantino har ein tendens til å velje gode låter i filmane sine. Men altså, det var American Gangster eg skulle snakke om, eller skrive då, om eg skal vere pirkete. Nokre filmar er nesten dømd til å bli gode, spesielt dersom dei innehar dette:
- Gode skodespelarar som leverer
- Interessant plot som ikkje skuffar
- Bra filming og klipping som får alt til å sjå “riktig” ut
- Eit soundtrack som fangar stemninga
American Gangster har alt det. Og det beste, nesten, er at det er basert på ein sann historie. Begge karakterane i filmen lever enno, eller så har eg høyrt iallefall, og eg høyrer jo så mykje rart. Til dømes så stemmer det ikkje at MacGyver (eller Richard Dean Anderson som han eigentleg heiter) er død. Eg gjekk rundt i lang tid og trudde han hadde dødd i ei bilulukke før nokon opplyste meg om at han lever i beste velgåande.
Iallefall, min konklusjon er at American Gangster er ein god film, Across 110th Street er ein fab song og du bør ta det til etterretning om du skal på kino i næraste framtid. Med mindre du skal sjå Det Gylne Kompass då, då er du unnskyldt.
Frank Lucas: See, ya are what ya are in this world. That’s either one of two things: Either you’re somebody, or you ain’t nobody. (Sitat frå American Gangster)
→ 6 CommentsCategories: film



